Menon Business Economics har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune v/ kulturavdelinga, utarbeidd ein rapport om kulturnæringane i fylket for perioden 2004-2010. Veksten er allereie god eitt år før Sunnmøre Kulturnæringshage vart etablert, så det blir interessant å sjå auken frå 2012 og framover!

Kulturnæringane i fylket er i god vekst – på seks år har talet på sysselsette auka med 28 prosent, og verdiskapinga har vakse med 50 prosent. Næringa skaper produkt, tenester og arbeidsplassar som ofte er attraktive for unge og bidrar positivt til eit større mangfald og ein meir attraktiv region.

I omgrepet kulturnæring inngår eit spekter av bransjar; musikk, film, foto og spill, tv og radio, arkitektur, design, trykte media, annonse og reklame, kulturarv og kunstnarisk verksemd.  Her inngår også småskala matproduksjon og opplevingar.

Film og animasjon

For å utvikle næringa vidare må ein prioritere spesielt dei områda der fylket har opparbeida eit fortrinn og eit potensiale for framtidig vekst.  Film og animasjon er ein bransje som peikar seg ut med eit kunnskapsmiljø rundt Høgskulen i Volda. Innanfor film er det etablert eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Vestnorsk Filmsenter, Western Norway Film Commission og Filmfondet Fuzz AS. Samarbeidet har stimulert til kunstfagleg vekst, selskapsetableringar, næringsutvikling og marknadsføring av fylket ovanfor millionar av film- og tv-sjåarar verda over.

Animasjonsmiljøet i fylket har etablert tett kontakt med maritim næring, og med fokus på industridesign har ein utvikla begge næringar. Til dømes så har Ulstein Group og bedrifta Firegrader saman utvikla animert formidling av komplekse prosjekt innan skipsbygging. Eit slikt samspel med andre næringar er ein styrke for næringa og skapar nye kommersialiserings- og utviklingspotensial.

Næringshagar.

Kulturnæringa i fylket er prega av ein overvekt av mange små bedrifter med avgrensa ressursar til å drive innovasjon og være ein motor for utviklinga. Samlokalisering av kulturnæringsaktørar er eit viktig verkemiddel for å stimulere til fleire etableringar og nyskaping og til å motverke noko av ulempene med små einingar og miljø. Sunnmøre kulturnæringshage (SKNH) vart opna i april 2012 i Volda og kulturnæringshagen skal bidra til at fleire etablerer seg innan kulturnæringane på Sunnmøre, særleg innan film og media. SKNH vil òg hjelpe slike nyetableringar med å vekse og posisjonere seg for nye marknader, særleg i utlandet. Det er òg eit viktig mål å leggje til rette for kompetansemiljø som styrkar verksemdene som alt finst. Saman med Vestnorsk Filmsenter, som har avdelingskontor i næringshagen, arbeider SKNH for  auka filmproduksjon i fylket.

Heile rapporten finn du her

Denne nettartikkelen er henta frå Mære og Romsdal fylkeskommune, og du finn heile artikkelen her