Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut inntil 4 startstipend á 200 000 kroner til personar med kreativ fagbakgrunn som ønskjer å satse på eigen næring i Møre og Romsdal.

Kreative næringar er definert som bransjane trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio.

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut inntil 4 startstipend á 200 000 kroner til personar eller ad hoc-grupperingar som har idear dei ønskjer å kommersialisere. Utlysinga er ein del avMøre og Romsdal fylkeskommune si satsing på kreative næringar.

Hjelp til å komme i gang

-Vi veit at det er mange med kreativ fagutdanning i Møre og Romsdal som har lyst å tene pengar på det dei kan. Det er denne gruppa vi ønskjer å nå. Stipendet er eit næringsstipend, presiserer rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektleiar for satsinga på kreative næringar, Carina Stokke.

-Kven kan søke?

-Dei som kan søke er unge vaksne mellom 20 og 39 år, folkeregistrert i Møre og Romsdal, eller ad-hoc grupperingar som ønskjer å kommersialisere ein idé og drive verksemd i Møre og Romsdal. Det må også kunne visast til minimum fagutdanning innafor kreative fag, seier Stokke.

-Søkarane må også vere budd på å bli kalla inn til å presentere ideen sin.

På www.mrfylke.no/kreativenaeringar finn du søknadsskjema med fleire detaljar. Fristen for å søke er 1. september 2014.