I samband med samanslåing av Hornindal og Volda kommune, vedtok kommunestyra i begge kommunane gjennomføre det tidsavgrensa prosjektet Smia Utvikling på Grodås. Bakgrunnen for vedtaket er ein rapport frå konsulentselskapet Metafor om «Ny næring på gamle tufter» bestilt av kommunane Ørsta, Volda, Hornindal og Stranda som peikar på mogleheiter innan naturbaserte næringar i skjeringsfeltet mellom landbruk, natur, kultur og naturbasert reieliv.

På oppmoding frå kommunane etablerte Sunnmøre Kulturnæringshage AS hausten 2018 ei avdeling med kontor på Grodås i kommunehuset Smia som ressurs for idéeigarar og gründerar som ynskjer å etablere verksemder innan naturbaserte næringar. Prosjektet vart avslutta i desember 2019. Sluttrapport Smia Utvikling.