SIVA har etter avklaringar med KMD og NFD beslutta at det innanfor næringshage- og inkubasjonsprogrammet kan ytast innovasjonsstøttetenester utan å kreve eigenandel fra bedriftene. Det betyr at SIVA fråvik kravet om minimum 25 % eigenfinansiering frå målbedrifter/inkubatorbedrifter innanfor artikkel 28, «innovasjonsstøtte til små og mellomstore bedrifter». Tiltaket skal hjelpe dei bedriftene som no er og blir ramma av COVID-19. Dette betyr at målbedriftene kan få inntil 100 % rabatt på innovasjonsstøttetjenester frå Sunnmøre Kulturnæringshage. Ordninga er i tråd med statsstøtteregelverket, gruppeunntak art 28.4. SIVA vil presisere at bedrifter som ikkje er berørt av COVID-19 framleis skal betale eigenandel på vanlig måte.