Kven vi er

Vår nettstedsadresse er: https://sknh.no

Kva personopplysningar vi samlar inn og kvifor

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Artiklar på denne sida kan inkludere innebygd innhald (f.eks. videoar, bilder, artiklar osv.). Innebygd innhald fra andre nettstedar oppfører seg på nøyaktig samme måte som om den besøkande hadde besøkt nettstaden som det innebygde innhaldet kjem frå.

Disse nettstadane kan samle inn opplysningar om deg, bruke informasjonskapslar, bygge inn sporingssystem fra tredjepartar og overvåke kva du gjer via dette innebygde innhaldet. Dette omfattar også sporing av handlingane dine via det innebygde innhaldet dersom du har en konto og er logga inn på nettstaden.

1.  Kven er behandlingsansvarleg?
Næringshagane for utvikling og vekst ved daglege leiarar i dei respektive næringshagane er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane næringshagane hentar inn og behandlar. Dette gjeld opplysningar om våre medlemmar, samarbeidspartnarar, brukarar av våre nettsider og applikasjonar. At vi er behandlingsansvarleg betyr at vi er forplikta til blant anna å informere deg om korleis vi nyttar personopplysningane dine, og til å beskytte personopplysningane dine. Det er viktig for oss at du føler dine personopplysningar er trygge hjå oss, og vår personvernerklæring skal gje deg informasjon om korleis vi jobbar for dette.
Dersom du har spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningane er du velkommen til å ta kontakt med oss. Sjå kontaktinformasjon nedst i personvernerklæringa.

2.  Medlemmar
2.1 Oppfylle avtaleforholdet
Vi behandlar personopplysningar i den grad det er nødvendig for å oppfylle avtaleforholdet mellom oss, dykk som medlemmer og opp mot SIVA (forvaltar av statleg tilskot). Her nyttar vi GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav a og b og vår legitime interesse i å følge opp avtaleforholdet med deg, f.eks. svare på e-poster og yte service til deg eller kontrollere at avtalen er riktig oppfylt. I punkta nedanfor har vi konkretisert behandlingsaktivitetane og formåla.

2.1.1 Oppstart og oppfølging av kundeforholdet
For å kunne starte eit medlemskap med dykk må vi behandle dine personopplysningar som namn, adresse, mobilnummer, e-postadresse, bilde av personar og informasjon om bedrifta. Dersom du ikkje ønskjer å gje oss disse opplysningane er det ikkje sikkert at vi kan levere alle våre tenester til deg. Vidare vil vi måtte dele enkelte personopplysningar med tredjepartar for å kunne levere dei tenestene og produkta du som medlem ønskjer. For eksempel for å kunne sende deg faktura og handtere dine førespurnadar.

Vi kan også nytta personopplysningane for å kunne tilpasse innhaldet vi tilbyr til dine interesser og forbetre våre tenester.

2.1.2 Faktura og betaling
For å sikre korrekt fakturagrunnlag og riktig fakturamottakar vil personopplysningar som namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer, og kontonummer nyttast i faktureringa. Personopplysningane vil også kunne nyttast dersom det skulle oppstå eventuelle avvik eller motsegn på fakturagrunnlaget.

2.1.3 Kundebehandling
For å gje deg som kunde personleg, effektiv og god service, vil vi dokumentere dine førespurnadar. Namn, adresse, telefonnummer og e-post er eksemplar på personopplysningar som nyttast.

2.1.5 Avslutning av kundeforhold
Dersom kundeforholdet avsluttast vil relevante personopplysningar som namn, adresse og telefonnummer behandlast. Dette for å sikre at riktig kundeforhold avsluttast, og eventuelle uteståande beløp vert fakturert i sluttoppgjeret.

2.2 Nyheits- og informasjonsbrev
Som medlem vil du mota nyheits- og informasjonsbrev frå oss, hovudsakeleg digitalt. Nyheits- og informasjonsbreva kan innehalde både nyttig informasjon frå oss knytt til arrangement, kompetanseheving, tenester, nyheiter og anna. Som medlem hos oss har du tilgang til fordeler frå ulike samarbeidspartnarar vi har avtale med. Utsendingane vil dermed også kunne innehalde informasjon om arrangement, kurs og anna frå tredjepartar som kan reknast som marknadsføring. Vi behandlar denne informasjonen med grunnlag i personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f, fordi vi har en interesse i å kunne kommunisere med deg som medlem, marknadsføre våre produkt og gje deg relevante tilbod. Du kan når som helst gje beskjed om å ikkje verte tilsendt denne informasjonen som kan reknast som marknadsføring.

2.3 Kundeundersøkingar
Det er viktig for oss å få dine tilbakemeldingar slik at vi kan forbetre vår service, tenester og produkt. Derfor vil vi kunne nytte namn, telefonnummer og e-postadresse for å sende deg kundeundersøkingar. Ved disse undersøkingane nyttar vi Easyquest.

​Og for at vi skal oppfylle våre krav om bruk av statleg støtte vil også ein tredjepart sende ut kundeundersøkingar på vegne av oss og SIVA, til våre medlemmar, ein gong kvart år. Behandlingsgrunnlaget for dette formålet er personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel. 6 nr. 1 bokstav f, fordi vi har ein interesse av å få vite korleis kundane våre opplever oss.

2.4 Behandling av personopplysningar med ditt samtykke
I nokon tilfelle trenger vi ditt samtykke for å behandle personopplysningane dine. Det gjeld blant anna dersom vi skal kunne fortsette å kommunisere med deg etter at medlemsskapet eller kundeforholdet er opphøyrt.
Dersom vi ber deg om ditt samtykke vil det alltid komma fram klart og tydeleg kva vi ber om samtykke til og kva slags personopplysningar vi ber om å få behandle. Hugs at det alltid er frivillig å samtykke og at du når som helst kan trekke tilbake samtykke som du har gjeve.

3.  Oversikt over personopplysningar som behandlast
Over har vi angitt kva slags opplysningar vi behandlar for ulike formål og på ulike grunnlag. Her gir vi ei oversikt over opplysningar vi kan behandle om deg (gjeld alle som nyttar våre skjema og nettside):

  • Fornamn
  • Etternamn
  • Personnummer (berre i sjeldne tilfelle og ved spesifikt samtykke)
  • Telefonnummer
  • Faktura- og bedriftsadresse
  • E-postadresse
  • IP-adresse
  • KID-nummer og fakturareferanse
  • Kontonummer
  • Kundenummer

4.  Kvar hentast opplysningane frå?
4.1 Kundeforhold og forespurnadar
Når du vert medlem hjå oss gjev du oss dine personopplysningar i vår standardavtale. Dersom vi treng meir enn du har oppgitt, eller vi må verifisere at vi har korrekt informasjon for å oppfylle avtalen med deg, hentar vi ut supplerande opplysningar via offentlege register og tredjepartsleverandørar av persondata som oppheld seg innanfor EU og EØS.

4.2 Våre samarbeidspartnarar
Dersom du inngår ein avtale med ein av våre samarbeidspartnarar og ønskjer å verte kontakta av oss for eit godt tilbod vil vi få tilsendt den informasjonen vi treng for å gjere dette. I disse tilfella skal du ha gitt ditt samtykke til vår samarbeidspartnar for at dei skal kunne dele informasjonen din med oss.

4.3. Innhenting av offentlege opplysningar
Næringshagen nyttar PROFF-forvalt og andre tenester tilgjengeleg på nett (heimeside, brreg, mfl.) for å finne informasjon om relevante bedrifter, gründerar og nettverk i vårt nedslagsfelt. Dette gjer vi for å bygge opp eit miljø med kompetanse, kjennskap, og erfaring, og legge til rette for innovasjon, samarbeid på tvers og utvikling i vår region. Alle våre register vert lagra i vår sky-teneste og er sikra med Microsoft sine tryggleikstiltak.
Næringshagane hentar opplysningane i god tru om at disse er korrekte og at personopplysningane er offentleggjort med samtykke. Får du førespurnadar frå oss som du ikkje ønskjer kan du melde inn at du vil slettast frå våre register.

5.  Utlevering av opplysningane til tredjepartar
Vi nyttar truverdige leverandørar og system for å støtte ulike prosessar. Disse må følge høge sikkerheitsstandardar for datavern. Vi deler kunn informasjon som er nødvendig for å oppfylle behandlingsaktiviteter knytt til ditt avtaleforhold. Med denne type leverandørar har vi databehandlaravtalar,  som tilseier at dei skal bevare informasjonen konfidensielt og følge våre instruksar for behandling og sletting. Leverandørane av systema har ikkje innsyn i personopplysningar som behandlast i systema, dersom dette ikkje nødvendig. Utover dette vil vi kunn dele dine personopplysningar dersom du har gitt oss ditt samtykke.

5.1 Medlemsfordelar gjennom samarbeidspartnarar
Gjennom ditt medlemsskap med oss har du tilgang til vårt nettverk. I nokon tilfelle vil våre samarbeidspartnarar måtte verifisere ditt kundeforhold med oss, og vi vil då dele enkelte personopplysningar som namn, telefonnummer og e-post. Dette gjerast utelukkande for at du skal få dine fordelar, dersom du ønsker å nytte deg av disse.

5.2 Databehandlarar
5.2.1 Kommunikasjon og behandling av dine førespurnadar
Når du kontaktar oss via telefon eller sms vil ditt namn og telefonnummer registrerast i våre register og hos vår mobiloperatør. Når du kontaktar oss via mail vil din e-post registrerast. Kontaktar du oss via chatte-funksjonar som Facebook Messenger vil ditt namn registrerast hjå oss. Nyttar du vårt kontaktskjema på vår heimeside vil namn, telefonnummer og e-post verte lagra i våre register. Alle register vert også lagra i vår sky-teneste.

5.3.3 Vår nettside
På nettstaden vert det samla inn persondata gjennom følgjande verktøy:

  • Påmeldingsskjema (namn, e-post, telefonnummer)
  • Kontaktskjema (namn, e-post, telefonnummer)
  • Cookies (informasjonskapslar)
  • Google Maps (lokasjonsdata)
  • Google Web Font (besøksdata)

Påmeldingsskjema
Næringshagane salmar inn opplysningar om deltakarar på sine arrangement. Dette treng dei for å få ei oversikt over kor mange som kjem, kven som kjem, og kvar dei skal sende ut faktura. Opplysingane nyttast til dette føremålet i tillegg til utsending av informasjon om liknande arrangement og vert derfor lagra i våre register.

Dette kan verta samla inn:

  • Namn på deltakar
  • Namn på bestillar
  • E-postadresse til deltakar
  • E-postadresse til bestillar
  • E-postadresse for faktura
  • Telefonnummer til deltakar
  • Telefonnummer til bestillar
  • Adresse til bestillar
  • Namn på bedrift/organisasjon
  • Om deltakar er student, gründer, etablerer og evt. kva stilling vedkommande har

For å delta på Næringshagane sine arrangement, så må alle deltakarar gje informasjonen nemnd ovanfor. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå kvar enkelt deltakar. Deltakarliste kan i enkelte arrangement bli lista ut på nettstaden. Då kan deltakarane velje å ikkje vera del av denne utlistinga ved påmelding.

Cookies, Google maps og Google web fonts
På nokon delar av www.sknh.no nyttast informasjonskapslar, også kalla cookies. Ein cookie er ein teknologi nytta av dei fleste nettstader. Det er ein liten tekstfil som vert lagra på di eining, og kan innehalde forskjellig informasjon om din bruk av nettstaden. Til dømes kan den hugse pålogginga di, kva innstillingar du har aktivert på nettstaden, kva sider du besøker på nettstaden vår, kva lenkjer du trykker på og liknande. Cookies nyttast for å gjere nettsida meir brukarvennleg. Vi bruker ikkje cookies for å samle sensitiv personleg informasjon. Du kan til ei kvar tid gjere endringar i nettlesaren din og blokkere cookies. Ved å blokkere alle cookies kan det være at du mister tilgangen til delar av vår heimeside.

Nettstaden vår nyttar også Google Maps for å vise lokasjonen til hendingane våre. Google Maps kan samle inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse. Informasjon samla inn av Google Maps vert lagra på Google sine tenarar i USA, og vi har ikkje tilgang til desse. Les meir om korleis Google handterer data her.

For å sikre ei lik visning av fontar på alle einingar, nyttar denne nettstaden fontar tilpassa for nettbruk levert frå Google. Når du opnar ei side hos oss, vil nettlesaren din laste inn fontane du treng for å vise sida skikkeleg til mellomlagringa di. For å kunne gjere dette må nettlesaren din etablere ein kontakt med Google sine tenarar. Gjennom dette vil Google få beskjed om at di IP-adresse har besøkt vår nettstad. Dette er ikkje informasjon som me har tilgang til. Me nyttar Google Web Fonts for å sørge for ei lik visning av teksten på sida vår, i tillegg til estetiske orsakar. Dersom nettlesaren din ikkje støtter nett-fontar, så vert ein standard-font frå eininga din nytta av nettlesaren din. Les meir om Google Web Font sin handtering av data her.

Personopplysningane vert lagra på nett-tenaren vår og i vår sky, og er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden. Sircon AS i Trondheim som er vert for nettstaden har tilgang til opplysningar gjennom drift, utvikling og vedlikehald.

 5.3.4 Fakturering
Vi bruker Tripletex faktura og Visma som leverandør i samband med fakturering, purring og avviks handtering. For å kunne fakturere deg nyttast blant anna namn, adresse, telefonnummer og betalingsinformasjon.
Vidare nyttar vi Rekneskapshuset Sparebank1 Søre Sunnmøre AS for føring av rekneskap og Statsautoriserte revisorar Hovden & Vatne AS for revisjon av rekneskap.

6.  Korleis sikrast, arkiverast og slettast opplysningane
6.1 Sikring av dine personopplysningar
Vi vil sikre at behandling av dine personopplysningar til ei kvar tid er i tråd med legitime behandlingsgrunnlag. I tillegg har vi avtalar med samlege samarbeidspartnarar og leverandørar for å sikre at dine personopplysningar behandlast på ein trygg og forsvarleg måte.

6.2 Lagring av persondata
Næringshagane lagrar persondata om sine medlemsbedrifter, samarbeidspartnarar og andre som har vore i kontakt med oss, i eigne register. I tillegg vil kontaktinformasjon (namn på dagleg leiar/ kontaktperson, e-post, telefonnummer og adresse), om medlemmar verte synleggjort på vår nettside.

Som medlem vil også persondata (namn på dagleg leiar/ kontaktperson, e-post, telefonnummer) verte lagra i våre system hjå SIVA SF (forvaltar av statlege midlar). Elles vil opplysningane verte lagra i vår sky som er sikra av Microsoft sine tryggleikstiltak.

Lista over opplysningane vert lagra i maks fem år etter oppføring. For medlemmar i Næringshagane vert opplysningane lagra så lenge bedrifta har avtale med Næringshagen.

6.2 Sletting og oppbevaring
I høve personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 17 vil vi ikkje lagre dine personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for å gjennomføre formålet med behandlinga.
I høve Bokføringslova § 13, 2. skal visse opplysningar, som kontrakt og fakturagrunnlag med blant annet namn, adresse og kundenummer, lagrast i 5 år etter kundeforholdet er avslutta. Etter oppbevaringstida på 5 år vil vi ha sletta og/eller anonymisert alle personopplysningar som kan identifisere deg som kunde.

Dersom vi behandlar personopplysningar på grunnlag av ditt samtykke, slettast disse når samtykke trekkast tilbake.

7.  Dine rettigheiter
Du har ei rekke rettigheiter overfor oss som behandlingsansvarleg for dine personopplysningar. Du har blant anna:

  • Rett til innsyn i bruk av dine personopplysningar (personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel 15),
  • Rett til utlevering/dataportabilitet av dine personopplysningar (personopplysningsloven § 1, jf. GDPR artikkel 20)
  • Rett til å fremme ei motsegn (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 21)
  • Rett til å be om korrigering av opplysningar (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 16)
  • Rett til å få dine personopplysningar sletta eller at behandlinga avgrensast (personopplysningslova § 1, jf. GDPR artikkel 17 og 18)

7.1 Klage
Du har rett til å klage til Datatilsynet på vår behandling av dine personopplysningar. Vi oppfordrar deg likevel til alltid å ta kontakt med oss først.

7.2 Krav til legitimering
Dersom du ber om for eksempel innsyn i dine personopplysningar må vi vite at det faktisk er deg som spør. Derfor må du legitimere deg for å få innsyn i dine personopplysningar. Ditt innsynskrav vil verte svart på innan 30 dagar etter førespurnaden. Opplysningane vil verte tilsendt via e-post (gjeld ikkje sensitive personopplysningar).

8.  Kontaktinformasjon
For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med:
Dagleg leiar Martin Foldal – E: martin@sknh.no M: 922 24 165
Forretningsutviklar Erlen Krumsvik – E: erlend@sknh.no M: ‭410 40 838‬