Volda har utan samanlikning den høgste konsentrasjonen av animasjonsselskap i Noreg. Grande Produksjon AS, Firegrader AS, Raindog Studios AS er berre nokre av selskapa som spring ut frå det nasjonalt leiande og internasjonalt anerkjende animasjonsmiljøet på Høgskulen i Volda. I samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Sunnmøre Kulturnæringshage er Norsk Animasjonsentrum etablert i Hamnegata 10 i Volda sentrum.

På Sunnmøre har vi det best fungerande eksportretta næringslivet i Noreg. Verksemdene i maritim klynge er verdsledande på maritime høgteknologiprodukt, og visualiseringsmiljøet med tyngdepunkt i Volda har noko å tilføre denne næringa. Vi skal være dei mest innovative innan utvikling og produksjon av høgteknologiske maritime systempakkar, og vi skal ha den beste visualiseringa som trengs for å nå denne målsettinga.