Satsinga på næringshagane held fram. Regjeringa aukar støtta til næringshagane også i 2013.
Etter ei stegvis dobling av ramma til næringshagane frå 2010 til 2012, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga med tre millionar kroner også i 2013-budsjettet. Framlegg til løyving for 2013 er 43 millionar kroner.

– Næringshagane spelar ei viktig rolle for å få fram nye, framtidsretta verksemder i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Næringshagane har òg ei viktig rolle for etablerte bedrifter fordi dei i mange område verkar som knutepunkt og nettverksbyggjar mot forskings- og andre kompetansemiljø, som elles kan synast langt unna for små distriktsbedrifter.

Dei første næringshagane vart starta opp av SIVA i 1998-99. Etter fleire programperiodar og evalueringar vart ein ny 10-årig programperiode starta opp 1. juli 2011 med 40-45 næringshagar som deltakarar. Auken i løyvinga gjer det mogleg å ta opp i programmet fleire av dei miljøa som var kvalifiserte, men som vart avviste på grunn av tronge rammer i første omgang.

Sjå artikkelen her