Søndag 16 september kan du treffe dagleg leiar Martin Foldal i Sunnmøre Kulturnæringshage og dagleg leiar Stefan N. Halck i Volda Næringsforum midt inne i Kvivsvegtunnelen!

No er det ikkje berre vi to som skal være der. Statens Vegvesen reknar med storbesøk i samband med «Open dag» for Kvivsvegen, og stiller med mat og drikke til 4000 personar. Les program og invitasjon her.

Kvivsvegen som er bomfri opnar offisielt 22 september, men allereie søndagen før kan du få eit inntrykk av kva dette vegsambandet betyr utover 60 minutt redusert reisetid mellom Volda og Stryn. Næringslivsorganisasjonar og kommunene i sen nye bu- og arbeidsregionen har stand midt inne i tunnelen, og det vert underhaldning og festivitas av mange skal. Møt opp til denne unke opplevinga!

Sjekk denne YouTube videoen som tek deg gjennom sambandet på 1,5 minutt:
http://youtu.be/0ktwCz9b73M