Sunnmøre Kulturnæringshage AS leverer bedriftsrådgiving i høve FoU og innovasjon for verksemder i Møre og Romsdal som arbeider innan kulturnæringane. Desse næringane er film, video, animasjon, TV, radio, programvare, dataspel, kunst, teater, musikk, design og mote, kunsthandverk, litteratur, arkitektur, reklame, fotografi, aviser og tidsskrift.

Sunnmøre Kulturnæringshage deltek i SIVA sitt næringshageprogram, noko som gjer at bedriftene vi har utviklingsavtaler med kan får inntil 75% rabatt på våre rådgivingstenester. Vi utvikler bedrifter over heile Møre og Romsdal og i andre delar av Noreg.

Vi har over 40 målbedrifter, og av desse er 12 samlokalisert i næringshagen i Volda. Næringshagen ligg i Storgata 8 i Volda sentrum, og her finn du ei dør inn til hjelpeapparatet for entreprenørskap anten du er heilt i startfasen, eller treng råd og hjelp i ein vekstfase. I næringshagen finn du og  Vestnorsk Filmsenter AS sitt regionkontor for Møre og Romsdal og hoppid.no kontoret for Volda kommune.