Innovasjon Norge og Hoppid inviterer til kurs i styrearbeid. Kurset er eit kompetansegjevande spesialkurs – 7,5 studiepoeng – med mål å betre kvaliteten på styrearbeid i offentlege og private bedrifter, samt å auke mangfaldet i styrerommet.

Kurset som går over to samlingar skal gi kunnskap om sentrale problemstillingar og teoriar som er viktige for praktisk styrearbeid i privat og offentleg sektor. Sentralt i kurset er å forstå samanhengen mellom bedrifta sine visjonar/strategi og organisatoriske, juridiske og økonomiske forhald, samt den praktiske organisering og prosessane i styrerommet.

Deltakarane kan, etter avlagt eksamen, bli tatt opp i Innovasjon Norge sin styredatabase.

Fagleg ansvarleg er Handelshøyskolen BI. Kjell Standal er hovudforelesar og Elbjørg Gui Standal er kursansvarleg nasjonalt. Dei to nestorane har dei siste 13 åra gjennomført over 300 kurs, mellom anna for  Innovasjon Norge og for NHO sine program Female Future og Global Future.

1. samling

Tid: 10. – 12. oktober (3 dagar)
Stad: Quality Hotel Waterfront, Ålesund

2. samling

Tid: 7. – 8. november (2 dagar)
Stad: Rica Seilet Hotel, Molde

Eigenandel:  kr 6 000,-

Deltakarane må dekke reise og opphald. Dersom du ynskjer hotellovernatting må du  bestille sjølv. Oppgi Innovasjon Norge som referanse til hotella nemd ovanfor.

Pris overnatting pr. døgn i enkeltrom:

Quality Hotel Waterfront, Ålesund: kr 950,-
Rica Seilet Hotel, Molde: kr 920,-

Søknadsfrist:  20. september 2012

Påmelding: https://web.bi.no/bilu/corporate.nsf/Soknadsskjema_InnovasjonNorgeMoR_Styrekompetanse1_H2012?OpenForm