Kurshausten for gründerar
Vurderer du å starte bedrift, men er usikker på forretningsideen? Treng du å lære om forretningsplan? No er kurshausten klar for deg som vurderer å starte eller nyleg har starta bedrift i Møre og Romsdal.hoppid.no er staden der du kan få råd og rettleiing til å starte bedrift, samt delta på eitt eller fleire kurs. Dei fleste kursa er gratis. Her kjem du deg direkte inn på kurskalenderen

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Møre og Romsdal samt kommunane som står bak hoppid.no. Les meir på www.hoppid.no

Fylkesmagasinet Spor og utlysingar
I veke 38 kjem fylkesmagasinet Spor, der heile utgåva er om kreative næringar. Samtidig lyser vi ut midlar til prosjekt som kan bidra til å etablere/styrke nettverk og kompetanse.
Alt dette kan du lese om i Spor. Utlysingane vil du også finne i avisene den 19 og 21 september.