Sunnmøre Kulturnæringshage har vore medlem i referansegruppa som Patentstyret og Innovasjon Noreg har nytta for å utvikle den nye portalen IPRhjelp.no. På den nye nettstaden kan du berekne kostnadane ved patentering og finne svar på det meste du måtte ha av spørsmål kring trygging av immatrielle rettar gjennom registrering av varemerke, patentering eller design.

Som medlemsbedrift i Sunnmøre Kulturnæringshage kan du få råd om emnet og val av beste strategi for sikring av dine immatrielle rettar.