I samarbeid med Møre & Romsdal fylkeskommune, Hoppid.no og Studenttinget ved Høgskulen i Volda tilbyd vi gratis kurs for deg som vurderar å starte eller nyleg har starta bedrift.

22 oktober blir det Skal/skal ikkje kurs for Søre Sunnmøre på Høgskulen i Volda. Dagskurset som startar kl.10:00 og varer til 17:00 passar for deg som vurderer å starte eiga verksemd eller deg som nyleg har starta. Du finn meir informasjon om kurset på heimesidene til Hoppid.no Her kan du og melde deg på.

Etter ynskje frå Studenttinget i Volda køyrer vi eit kurs i forretningsplan utanom den obligatoriske undervisninga på Høgskulen ved å sette kursstart til kl.15:00.

25 oktober kl:15:00 blir del 1 av kurs i utarbeiding av forretningsplan arrangert på Høgskulen i Volda. Del to av kurset i forretningsplan vert halde 7 november frå kl:15:00 slik at du har tid til å arbeide med forretningsplanen din mellom kursa.

Påmelding til kurset 25 oktober  -forretningsplan del 1 finn du her
Påmelding til kurset 7 november – forretningsplan del 2 finn du her

Ta kontakt med Martin Foldal på Hoppid.no kontoret i Volda dersom du har spørsmål. Mobiltelefon 9222 4165.