Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Noreg står bak hoppid.no.
Hoppid.no er eit program for entreprenørskap, med ei årleg økonomisk ramme på om lag fem millionar kroner.
Hovudmålet er fleire og betre etableringar i Møre og Romsdal , og ein satsar breitt for å auke tilfang og mangfald – samstundes som ein vil ha ei satsing på kvalitet og vekst.

Rådgjeving i etableringsfasen
Førstelinjetenesta i kommunane er det naturlege første kontaktpunkt for deg som har ein forretningsidé. I samarbeid med kommunane har Møre og Romsdal fylkeskommune oppretta hoppid.no-kontor rundt om i fylket. hoppid.no-kontaktane du treff der, har utdanning innan rettleiing og kan hjelpe deg vidare. Oversikt over alle Hoppid.no kontora i fylket finn du her.

Sunnmøre Kulturnæringshage driftar det lokale hoppid.no kontoret i Volda kommune, og i samråd med kommunen kan innbyggarar med etableringsplanar søke hoppid.no tilskot. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare problemstillingar kring organisering, marknadspotensiale, lønsemd og andre spørsmål som kan avgjere vidare framdrift for bedriftsetableringa.

Etablerarkurs
hoppid.no har utvikla fleire kurspakkar tilpassa ulike fasar og behov i ei bedriftsetablering.
Oversikt over dei ulike kurstilboda finn du her . Dei fleste kursa er gratis.
Dersom dette er noko for deg – kan du gå til Aktivitetskalenderen som syner komande kurs.