Sunnmøre Kulturnæringshage AS som er sentral i den kreative klynga i Møre og Romsdal  tilbyr gratis kompetansehevande kurs på nett for dei kreative næringane i heile Møre og Romsdal. Kursa er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og retta mot permitterte og sjølvstendig næringsdrivande innan dei kreative næringane som er råka av koronakrisa. Vi har planlagt 28 kurs i 2020, og dei fyrste kursa vil bli kjørt igang  i starten av juni. Fleire av kursa er spissa mot spesialverkty som mange i dei kreative næringane nyttar,  og ein legg opp til mindre deltakargrupper der kursdeltakarane får ein god dialog med kurshaldarane.

For å være kvalifisert til kurset må du bu i Møre og Romsdal, og enten være frilansar (sjølvstendig næringsdrivande) eller heilt eller delvis permittert tilsett i ei bedrift innan dei kreative næringane.

Dei nettbaserte kursa blir kjørt på undervisningsplatforma skoleflix.no som også er adressa der deltakarane registrerer seg for å delta på kursa som for eksempel;

– Industrielt salgsarbeid, korleis få store kundar
– Tenestedesign som metode i digital samskaping
– Avansert arbeidsflyt i Adobe Lightroom
– Avansert bruk av Adobe Photoshop
– Avansert bruk av Adobe Premiere/DaVinci Resolve
– Egenprofilering i SoMe

Påmelding til kursa blir etter prinsippet «først til mølla» , og alle påmeldingar blir gjennomgått manuelt slik at vi kan tilby alternative datoar dersom påmeldinga er full til første kurs.  Finn ut meir om kursa, innhaldet i dei – og meld deg på her