Sunnmøre Kulturnæringshage er 6 juni invitert til å kome med innspel til Dekanmøtet på Høgskulen i Volda. I samarbeid med Hoppid.no og Innovasjon Norge ynskjer næringshagen å gi informasjon og kompetanse til dei 3600 studentane ved Høgskulen i Volda. Dekanmøtet lyt avgjere korleis dette best kan gjerast, og frå næringshagen og STiV si side er det ynskjeleg at Hoppid.no kursa kan leggast utanom den obligatoriske undervisinga slik at flest mogleg studentar får høve til å delta. For studentar ved medie- og kulturfaga er det ynskjeleg at entreprenørskapsinformasjon om korleis ein skal stifte og drive eiga verksemd blir give som ein del av den obligatoriske undervisinga.