Sunnmøre Kulturnæringshage AS har delteke på Innovasjonsskolen for Volda kommune saman med Volda Læringssenter og Frivilligsentralen i Volda. Vi har undersøkt handlingsromet for etablering av ein entreprenørskapsLAB for busette flykningar i Volda, og vil i løpet av hausten bidra til at det blir etablert ein eigen LAB for flykningar som ynskjer å etablere eiga verksemd. Nasjonalt treng vi fleire gründerar, og mange flykningar kjem frå samfunn der det å være sjølvstendig næringsdrivande er meir vanleg enn i Noreg. Vi ynskjer å bidra med kompetanse innan entreprenørskap og forretningsutvikling og ser fram til å samarbeide med fleire prosjekt i Volda kommune som har betre og raskare integrasjon som målsetting.