Har du ein god idé du vil sette ut i livet?
Fristen for å sende inn gode forretningsidea til DNB sin Innovasjonspris er 31.oktober, so det er enno ein månad igjen!

Av erfaring veit vi at dei fleste ideane kjem heilt mot tampen av innsendingsperioden. Om du eller nokon du kjenner har ein god forretningsidé, som de ynskjer skal være med å konkurrere om den samla premiepotten på  kr. 2.750.000,- Så er oppfordringa å melde seg på her

Finalar
Det blir åtte regionale finalar i løpet av januar og februar 2013.
Regionane er inndelt slik:
Oslo
Akerhus/Østfold
Rogaland
Agder
Hedemark og Oppland
Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal
Telemark, Vestfold, Buskerud
Trøndelag og Nord-Norge

Vinnarane av dei regionale finalane mottek 200.000 kroner, og får automatisk plass i den nasjonale finalen.
Den store hovedpremien i den nasjonale finalen er på ein million kroner.
Andrepremien er 100.000 kroner, og tredjepremien er på 50.000 kroner.
Den nasjonale finalen går av stabelen i Trondheim 12. mars, 2013.

Desse har vunne tidligare:
2011: PCI Biotech
2010: Protia AS
2008: Sub Sea Water AS.
2007: Einar Sudmann AS.
2006: SWAY AS.
2005: ReVolt Technology
2004: Norwegian Silicon Refinery AS.
2003: Axis-Shield.