Designhjelpen skal i år arrangere designdagen for gründerar fredag 20. september. Designdagen for gründerar er eit gratis arrangement der gründerar får høve til å få gode idear og innspel frå sivilingeniørstudentar på industriell design ved NTNU. Fjorårets arrangement vart ein suksess for studentane og dei 8 gründerbedriftene som fekk delta. For at dagen skal bli vellukka er vi avhengige av at så mange gründerar som mogleg får høyre om moglegheita før søknadsfristen 15. august.

For meir informasjon og påmelding, sjå nettsida til Designhjelpen