Sunnmøre Kulturnæringshage er tildelt kr.200.000,- i tilskot frå Innovasjon Noreg Møre & Romsdal til etablering av bedriftsnettverk for filmlokasjonstenester. Målsettinga er at initiativtakarane JC Media, Hansebakken Media og Frost Media skal bygge opp eit komplett tenestetilbod for filmproduksjon i Møre & Romsdal. Bedriftsnettverket med arbeidstittel morecreative har fått gode støttespelarar med på laget:
– Vestnorsk Filmsenter
– Western Norway Film Commission
– Norsk Filmkommisjon
– Kulturavdelinga ved Møre & Romsdal fylkeskommune
– Classic Norway
– 62 Nord
– Destinasjon Ålesund og Sunnmøre
– Visit Nordmøre & Romsdal
– Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda