Høgskulen i Volda har signert ei samarbeidsavtale med Sunnmøre Kulturnæringshage om entreprenørskap. Med sine 4000 studentar har Høgskulen i Volda eit godt utgangspunkt for å legge til rette for fleire etableringar og auka innovasjon i Møre og Romsdal. Partane er og einige om å arbeide for etablering av Volda Kunnskapspark, som vil være ein ny inkubator i Møre og Romsdal med fokus på kommersialisering av kulturnæringar og nye bedrifter som spring ut frå den nasjonalt kjende kultur – og mediefagutdanninga ved høgskulen.

Gjennom avtalen vil Høgskulen i Volda få tilgang til entreprenørskapsnetteverket som Sunnmøre Kulturnæringshage er ein del av. Næringshagen vil bidra med kompetanse i høve oppstart, drift og finansiering av nye verksemder og være ein ressurs for høgskulen i høve det nye faget Entreprenørskap i kulturnæringar som no er under utarbeiding. Avtalen medfører og at kursa i Møre og Romsdal fylkeskommune sitt entreprenørskapsprogram Hoppid.no blir lettare tilgjengelege for studentane ved høgskulen.