Vi mennesker er sosiale vesen av natur, men mange av oss er ukomfortable med «mingling» og «nettverksbygging» i jobbsamanheng.

Vær ærleg
Om du finn deg i samanhengar der du ikkje kjenner nokon, vær klar over at du neppe er åleine om å være i denne situasjonen. Introduser deg sjølv, og fortell at det er første gong du er her og at du ikkje kjenner nokon. Folk likar ærlegheit.

Opprett ein «interessante folk» konto
Set av eit fast beløp kvar månad for å dekke påkomande kostnadar ved å reise til til arrangement der du kan treffe interessante folk, og sjå på dette som eit hyggeleg avbrekk og noko kjekt som du unner deg. Om du ikkje kan bruke økonomi som unnskyldning for ikkje å reise til slike arrangement er det sjølvsagt meir sannsynleg at du reiser 🙂

Gjer «oppsagt testen»
Om du mista jobben din i dag, kven er dei 10 personane du ville tatt kontakt med for råd? Kontakt dei no – når du ikkje treng hjelp, og inviter dei til lunsj, kaffi, eller kanskje du berre skal ta ein telefon? Uformell kontakt utan ein akutt agenda kan fort føre med seg nye moglegheiter.