Starte bedrift

Næringshagen driv bedriftsutvikling på dine premissar – praktisk, konkret og resultatorientert. Vi er ein del av eit stort nasjonalt nettverk og veit kva som trengs og kva som fungerer, både når du skal starte heilt nye bedrifter og når du skal videreutvikle ei som fins frå før. Kontakt oss og høyr kva vi kan bidra med.

Vidareutvikle bedrift

Næringshagen har eit breitt kontaktnett og kan være ein god sparringspartnar i samband med vidareutvikling av verksemder. Vi kan koble di verksemd inn mot statlege FoU program, og støtteordningane som Innovasjon Noreg og Forskingsrådet opererer.
Kontakt næringshagen for meir informasjon.

Hoppid.no

Er du gründer? Det lokale Hoppid.no kontoret finn du i næringshagen i Storgata 8 i Volda. Her kan du få hjelp til å avklare dine planar, og bli rettleia i høve vegen vidare. Ein kan og søke om økonomisk stønad til avklaring i høve oppstart av eiga verksemd.

Etablerarkurs
hoppid.no har utvikla fleire kurspakkar tilpassa ulike fasar og behov i ei bedriftsetablering.
Oversikt over dei ulike kurstilboda finn du her. Dei fleste kursa er gratis.

Business in Norway

Please follow the links below for relevant information regarding setting up a business in Norway. Living in Volda? Please contact your local entrepreneur service office in Storgata 8 (Kulturnæringshage) for help and guidance. Living elsewere in Møre and Romsdal: Map with Hoppid.no offices in Møre and Romsdal with office addresses, phone numbers and contact persons.

Enkeltmannsforetak_Eng.pdf.

Stønadsordningar

Er du registrert som arbeidssøkande hos NAV? Då kan du søke om ordninga som gir deg dagpengar under etablering av eiga verksemd. Perioden kan vare i inntil 12 månader, med 8 månadar utviklingsfase og 4 månader oppstartsfase. Ordninga er 100% reversibel dersom du skulle finne ut at idéen ikkje let seg realisere. Vi leverer NAV Næringsfagleg vurdering som er ein føresetnad for å få denne ordninga. Vurderinga gjer vi etter eit møte med deg der vi går igjennom planane dine. Prisen for slik næringsfagleg vurdering er kr.1500,- inkl.mva.

Leige kontor eller møterom

CGI av FireGrader AS

Vi har møterom med smartboard og profesjonelt videokonferanseutstyr for utleige.
Næringshagebedrifter har 50% rabatt på leigeprisane.
Matservering og/eller kaffe, te, mineralvatn til møter kan vi også ordne etter nærare avtale.