I samband med samanslåing av Hornindal og Volda kommune, har kommunestyra i begge kommunane vedteke å gi tilskot til etablering av Smia Utvikling på Grodås. Bakgrunnen for vedtaket er ein rapport om ny næring på gamle tufter finansiert av kommunane Ørsta, Volda, Hornindal og Stranda som peikar på mogleheitene innan naturbaserte næringar.

Innovasjonsselskapet Sunnmøre Kulturnæringshage AS har i samband med dette etablert ei avdeling med kontor på Grodås i kommunehuset Smia som skal være ein ressurs for idéeigarar og grynderar som ynskjer å etablere verksemder innan naturbaserte næringar.

Ta kontakt med avdelingsleiar Oda Skoglund på Smia Utvikling for informasjon om korleis vi kan hjelpe deg.