Saman med ProtoMore Kunnskapspark har Sunnmøre Kulturnæringshage tatt over Pixelparken AS i Molde. Pixelparken er ei samlokalisering for bedrifter og freelancearbeidarar i kreative næringar, og selskapet leiger lokaler i same bygg på campus Molde som ProtoMore Kunnskapspark, iKuben bedriftsnettverk, InSpire, hoppid.no kontoret i Molde og inkubatoren til ProtoMore Kunnskapspark. Samlokaliseringa er støtta med tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Sjå meir informasjon på heimesidene til samlokaliseringa.