Over 90 personar deltok på den offisielle opninga av Sunnmøre Kulturnæringshage 25 april. Ordførarar, rådmenn, Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal, Kulturutvalet i Møre og Romsdal, representantar frå Høgskulane, Kunnskapsparken, Innovasjon Norge og næringslivet tok næringshagen i nærare augnesyn.