Sunnmøre Kulturnæringshage

Sunnmøre Kulturnæringshage AS er eit innovasjonsselskap i SIVA nettverket. Vi er ein regional ressurs og eit knutepunkt for dei kreative næringane med fokus på film, video, animasjon, fotografi, PR, kommunikasjon, media, IKT og design.

Har du bruk for tenester innan film, animasjon, design, visualisering eller marknadskommunikasjon? Vi har 42 bedrifter tilknytt næringshagen som kan realisere det meste. Kontakt oss for råd om kven som best kan løyse dine behov.

Om oss

Sunnmøre Kulturnæringshage skal være eit knutepunkt for kreative, og bidra til vekst i sine medlemsbedrifter.
Sunnmøre Kulturnæringshage AS er eigd av Selskapet for industrivekst SF (24,39%), Eiksundregionen Eigedom AS (24,39%), Volda kommune (21,95%), Ulstein Group ASA (14,63%) og Tussa IKT AS (14,63%).
Vi arbeider etter ein årsplan som blir førehandsgodkent av Siva og Møre og Romsdal fylkeskommune. Planen definerer måla som vi blir målt etter når Siva og fylkeskommunen skal gi oss si årlege evaluering. Gjeldande årsplan kan du lese her: Handlingsplan 2016.

iStock_64878175_thinkoutside

 Siva

Siva er statens virkemiddel for tilretteleggjande eigarskap og utvikling av bedrifter, nærings- og kunnskapsmiljø i hele landet, med eit særlig ansvar for å fremje vekstkrafta i distrikta. Hovudmålet er å utløyse lønsam næringsutvikling i bedrifter og regionale nærings- og kunnskapsmiljø.

iStock_92949415_Forskning

Forskningsrådet

Forskingsrådet skal bidra til eit heilskapleg FoU-system som leverer forsking av høg kvalitet, utviklar kunnskap for å møte sentrale utfordringar i samfunn og næringsliv, bidreg til dynamikk og samhandling nasjonalt og internasjonalt og legg til rette for læring, bruk og innovasjon.

iStock_75649979_tiger

Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg sitt kontor i Møre og Romsdal er eit av dei største i landet. Grunnen til dette er at vi har eit av dei mest eksportretta næringsklyngene i vår region. Innovasjon Noreg har og fått eit særleg oppdrag i høve tilrettelegging for vekst og eksport av dei kreative næringane.

Styret

Gunnar Solheim
Gunnar SolheimStyreleiar
Janne Heggvoll
Janne HeggvollStyremedlem
Odd A. Folkestad
Odd A. FolkestadStyremedlem
Lene Trude Solheim
Lene Trude SolheimStyremedlem
Norodd DyrhovdenStyremedlem
Vidar EgsetStyremedlem
Jens Standal Groven og Gunnar StrømVararepresentantar
SKNH skal bidra til fleire etableringar innan kulturnæringane på Sunnmøre.
SKNH skal legge til rette for eit kompetansemiljø/nettverk som bidreg til å styrke allereie etablerte kulturbaserte verksemder på Sunnmøre.
SKNH skal bidra til innovasjon og nyskaping innanfor kulturbaserte næringar på Sunnmøre, med vekt på film/media.
SKNH skal legge til rette for at nyetablerte verksemder, med vekt på film/media, får gode vekstvilkår på Sunnmøre og klarer å posisjonere seg for nye marknader, særlig internasjonalt.
SKNH skal være ein ressurs og pådrivar for auka kompetanse og merksemd kring entreprenørskap hjå mediefagstudentar ved HIVOLDA og auke fokus på dette i den obligatoriske undervisninga.
SKNH skal i samarbeid med Studenttinget i Volda legge til rette for å auke studentdeltakinga på hoppid.no kurs i Volda gjennom arrangement på høgskulen utanom den obligatoriske undervisninga.

Aksjonærar

Kva er ein næringshage?

Næringshagane er lokal næringsutvikling der talent, idéar og prosjekt møter profesjonell hjelp til å orientere seg i virkemiddelapparatet, utvikle forretningsidéar, arbeide med markedet og finne kapital. Næringshagene tilrettelegg for samspel mellom bedrifter. Ein næringshage er også samlokalisering av verksemder innan kunnskapsintensive næringar. 

Næringshagane er ein del av det offentlege virkemiddelapparatet og arbeider i programet til SIVA som er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet. Næringshagane samarbeider tett med Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, og dei andre næringshagane, forskingsparkane og kunnskapsparkane i SIVA nettverket.

Om oss

Sunnmøre Kulturnæringshage er sertifisert i Lean Business / bygg bedrift metoden.
Sunnmøre Kulturnæringshage er sertifisert hoppid.no rådgivar.
Sunnmøre Kulturnæringshage tilbyr næringsfaglig vurdering.

Samarbeidspartnarar

SIVA

SIVA

Siva (Selskapet for industrivekst SF) er tilretteleggar for nyskaping gjennom drift av nasjonale program som delfinansierer næringshagar, kunnskapsparkar og forskingsparkar.

Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeskommunen har ansvaret for regional utvikling, og har utvikla den unike lågterskelordninga hoppid.no for gründerar i vårt fylke.

Volda Kommune

Volda Kommune

Volda kommune er vertskapskommune for Sunnmøre Kulturnæringshage AS og samarbeider med næringshagen om utvikling av innovasjonsprosessar i kommunen, og det lokale hoppid.no kontoret

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda utviklar og formidlar av kunnskap og samarbeider med Sunnmøre Kulturnæringshage om entreprenørskap i utdanninga og planlegging av Volda Kunnskapspark.

Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg har fleire program for utvikling av innovative tenester og produkt. Innovasjon Noreg har og fått eit særleg oppdrag i høve tilrettelegging for vekst innan dei kreative næringane.

Vestnorsk Filmsenter

Vestnorsk Filmsenter

Vestnorsk filmsenter har hovudkontor i Bergen og regionkontor for Møre og Romsdal i Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda. Fylkeskommunen har avtale med Vestnorsk Filmsenter om utvikling av filmbransjen i vårt fylke.

Studiebygda

Studiebygda

Volda er StudiebygdA. Som vertskommune for Høgskulen i Volda med sine 4000 studentar er Volda den kommunen i Noreg som har flest studentar i høve folketalet, og høgst utdanna innbyggarar i Møre og Romsdal.

Ålesund Kunnskapspark

Ålesund Kunnskapspark

Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) er Norwegian Centre of Expertise i høve marine og maritime næringar. ÅKP har og inkubator for bedrifter med vekstpotensiale og samarbeider til dømes med Sunnmøre Kulturnæringshage om Nyskapingsdagen.

ProtoMore Kunnskapspark

ProtoMore Kunnskapspark

ProtoMore Kunnskapspark i Molde samarbeider tett med bedriftsnetttverket iKuben og ProtoMore Innovasjonslab. Sunnmøre Kulturnæringshage og ProtoMore Kunnskapspark er initiativtakarar til samlokaliseringa Pixelparken for kreative næringar i Molde.

Næringshagane i Noreg

Næringshagane i Noreg

Næringshagane i Noreg (NiN) er bransjeforreininga for alle næringshagane. NiN jobbar med kompetanseutvikling og kunnskapsdeling for tilsette i næringshagane, og informerer politikarane og sentrale organisasjonar om næringshageprogrammet.