Martin Foldal
Martin FoldalDagleg leiar
Martin Foldal er sjølv gründer og har bakgrunn frå musikkbransjen, produksjonsindustri, IKT, teknologibedrifter og netthandel. Han har dei siste 10 åra arbeidd med bedriftsrådgiving og prosjektleiing mellom anna som dagleg leiar for Ørsta Næringskontor. Martin har lang erfaring frå styrearbeid i fleire selskap. Martin foreles i entreprenørskap på Høgskulen i Volda og er ansvarlig for drifta av det lokale hoppid.no kontoret som du finn i næringshagen.
Oda Næs Skoglund
Oda Næs SkoglundAvdelingsleiar Smia Utvikling
Oda Næs Skoglund har ein Bachelor i Planlegging og Administrasjon frå Høgskulen i Volda, og sluttfører no ein Mastergrad i Samfunnsplanlegging og ledelse ved Høgskulen i Volda. Oda har praktisk erfaring frå kommunalt planarbeid og som arrangementsansvarlig for fleire festivalar. Oda vart og kåra til årets student ved Høgskulen i Volda i 2018, og har vore aktiv i Studentparlamentet i Volda. Som avdelingsleiar for Smia Utvikling på Grodås har Oda ansvaret for å bidra til vekst innan naturbaserte næringar, og ho er hoppid.no kontakt for innbyggarane i Hornindal kommune.
Erlend Krumsvik
Erlend KrumsvikForretningsutviklar kreative næringar
Erlend Krumsvik er utdanna økonom med mastergrad innan marknadsføring og strategi, og har lang og brei erfaring innan forretningsutvikling og innovasjonsprosessar i privat sektor. Han mellom anna starta opp Norges første heildigitale analysebyrå, og har vore høgskuleforelesar i marknadsføring og metode, og samfunnsforskar. Dei seinare åra har han jobba i offentleg sektor både som rådmann i Herøy og som rådgivar for Sunnmøre Regionråd i samband med kommunereformen.
Chaitra Shamraya
Chaitra ShamrayaIKT ansvarlig
Chaitra har ein Bachelor of Science frå universitetet i Mangalore og ein Master i Mass Communication frå universitetet i Manipal. Chaitra kom til Volda som Erasmus student våren 2016 og studerer no Media, IKT og Design ved Høgskulen i Volda ved sida av deltidsjobb som IKT ansvareleg i næringshagen.

Vi kan hjelpe deg med:

Vi hjelper deg med å velge rett foretaksform, og vi kan ordne alle dokument for registrering i foretaks- og enhetsregisteret. Har du spørsmål om MVA, forsikringar, OTP og forskuddskatt? Kontakt oss for å avtale eit møte.
Ynskjer du å nå nye kundar eller andre marknadar? Vi har oversikta over Innovasjon Norge sine støtteordningar og kan gi deg råd og hjelp til å utvikle bedrifta di vidare.
Vi har oversikta over dei ulike offentlege og kommunale støtteordningane for bedrifter og nyetablerarar. Kontakt oss for å avtale eit møte.
Næringshagen har oversikt over ledige kontor, både i samlokaliseringa i Volda og hos våre samarbeidspartnerar på Giske og i Molde.
Er du student ved Høgskulen i Volda og treng hjelp eller råd i samband med registrering av enkeltpersonforetak? Kontakt oss, og vi lovar deg rask og gratis hjelp.

Her finn du oss