Sunnmøre Kulturnæringshage driftar Volda kommune sitt hoppid.no kontor, og du finn oss i Storgata 8. Hoppid.no er Møre og Romsdal fylkeskommune si fyrstelineteneste for etablerarar, og det fins hoppid.no kontor i nær alle kommunane i fylket. På hoppid.no kontoret får du som innbyggar i Volda gratis hjelp og råd dersom du vurderer å starte eiga verksemd. Det blir og jamnleg arrangert ulike hoppid.no kurs som kan være nyttige for deg som ynskjer å starte som sjølvstendig næringsdrivande.

På Hoppid.no kontoret får du snakke med ein sertifisert rådgivar som har teieplikt. Rådgivaren kan hjelpe deg både med pengestøtte til avklaring av din forretningsidé og råd om kva du skal gjere vidare for å realisere idéen din.