Erlend Krumsvik frå Volda er tilsett i Sunnmøre Kulturnæringshage AS som forretningsutviklar for bedrifter innan kreative næringar. Krumsvik er utdanna økonom med mastergrad innan marknadsføring og strategi, og har lang og brei erfaring innan forretningsutvikling og innovasjonsprosessar i privat sektor. Han mellom anna starta opp Norges første heildigitale analysebyrå, og har vore høgskuleforelesar i marknadsføring og metode, og samfunnsforskar. Dei seinare åra har han jobba i offentleg sektor både som rådmann i Herøy og som rådgivar for Sunnmøre Regionråd i samband med kommunereformen.

Erlend Krumsvik

For Sunnmøre Kulturnæringshage betyr tilsettinga ei betydeleg auka satsing på bedriftsutvikling for dei nær 40 verksemdene næringshagen har utviklingsavtaler med, og satsinga er eit resultat av at Sunnmøre Kulturnæringshage AS har fått auka rammer frå statsforetaket SIVA som opererer det nasjonale næringshage og inkubatorprogrammet for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, og Landbruks- og matdepartementet.