Sunnmøre Kulturnæringshage AS er innvilga kr.300.000,- frå Innovasjon Norge til utvikling av eit bedriftsnettverk innan film og video, grafisk design, kommunikasjon og reklame med utlandet som hovudmarknad. Prosjektleiar Erlend Krumsvik som arbeider som forretningsutviklar i Sunnmøre Kulturnæringshage seier at arbeidet er godt i gang, og styringsgruppa reiser til New York i midten av oktober for å treffe samarbeidspartnarar og nye kundar. Prosjektdeltakarar er Ranglefant Film AS, Alti Foto AS, Oclin AS, Firegrader AS, Frost Media AS, Pen Intended Iren Hope Rønhovde, Ingvild Mork i Mork Design, Tyler Sparks og Einy Åm Sparks i Scintilla Post Production.

Styringsgruppa for bedriftsnettverket

Prosjekt- og arbeidsgruppa: (F.v.) Erlend Krumsvik (prosjektleiar), Marius Bech Dahle, Hallstein Mala og Atle Remmereit. Foto: Pressefoto